Personvern

Personopplysninger

GRATULERER TIL 10.KLASSE!!!
Dei har vunne konkurranse i høve prosjektet "Gløymde kriser i verda"!!
Fem av elevane i klassa får reise til Oslo den 16.desember. No gjeld det å skrive ein god søknad:)
KLASSEQUIZ
Ny runde med klassequiz!!
Vi har nettopp høyrt elevane frå Myklebust skule i radioen.
Elias, Andreas og Maria fekk spørsmål frå kategoriane: Flat, Boks og Herr/Fru. Dei skora 8 av 12 poeng!!
På Åheim er Oda, Hanne og Andreas klare for opptak. Dei er spente!

→ Les mer

Arbeidslivspraksis for 9.klasse
Denne veka er alle 9.klassingane ved Åheim skule ute for å prøve seg i arbeidslivet. Mange av elevane har reist utanfor kommunen, men vi har også noko som ikkje har reist så langt.

→ Les mer

Musikal 2012
Vi møter ein gjeng eldre på ein aldersheim i ei oppdikta bygd. Alle har vore utøvande kunstnarar og musikarar i sine yngre år.

Bildeserie

→ Les mer

Brann?
Godt at det berre var øving!!
Alle elevane ved skulen vår kom seg fort ut av skulebygningen etter at brannalarmen gjekk.

Bildeserie

→ Les mer

Besøk hos AaFK - 7. klasse
AaFK lanserte i 2009 "Prosjekt:MÅL". Med dette formålet ynskjer AaFK å bidra til betre og korrekte haldninger på øvste trinn i barneskulen, der respekt er hovudtanken. 7. klasse ved vår skule var på besøk den 4. mai -11, og fekk med seg verdifulle råd på vegen vidare.

→ Les mer

Lucia-feiring
Elevane gled seg til Lucia-feiringa. Då slukker vi alle lys i gangen. Leiv Arne går fremst med trekkspelet og spelar Lucia-songen. Elevane i 1. - 4.kl går i tog gjennom alle korridorane og snur inne på sløydsalen. Sangen ljomar gjennom gangane. Dei andre elevane står oppstilt langs veggane, ser og minnest den gongen dei fekk gå i toget.

→ Les mer

Aktivitetsdagen 2010
Alle mellomstegselevane i kommunen vår var samla til ein kjekk aktivitetsdag på Åheim siste onsdagen av skuleåret 2009-10.
Elevane kunne velje mellom ulike aktivitetar som fotball, matlaging, tur i fjøra, tur til peridotplassen, fiske, turn, dans, gitar, naturmoro, lysstøyping, stjerneorientering og avis.
Avisgruppa har laga avisa "Vanylvsposten".

Bildeserie

→ Les mer

Sommarfest og avslutning på Eidså skule
Onsdag 16.06.10 hadde vi sommarfest for elevar og familiane deira på Eidsåtun. Alle klassene hadde øvt inn program, og skulekoret song to avdelingar. Foreldra sytte for mat og drikke, loddsal og blomster til lærarane.

→ Les mer

På tur til SFO 3.feb 2010
Onsdag 3 feb var barnehagen på Åheim på tur til skulen, på besøk til sfo. Der var vi ute å rende oss på akebrett, det var veldig kjekt. Etter at vi hadde leika oss ute ei stund, gjekk vi inn, der spiste vi nista vår og leika oss.
Alltid like kjekt å komme på besøk til sfo.
Skiveka 2010 - Eidså skule
Vermeldingane var litt blanda, men vi bestemte oss likevel for å ha ei aktivitetsveke med ski på beina. Med slike snømengder er det gode høve til å auke elevane sine skiferdigheiter.

→ Les mer

Hospitering
To dagar i oktober var 10.klassingane i Sjustjerneregionen på hospitering hjå dei vidaregåande skulane. Det nye faget Utdanningsval legg opp til at elevane skal få god kjennskap til to utdanningsprogram. Elevane fekk velje kva skule og program dei ville hospitere i, og dei vidaregåande skulane i Volda, Ørsta, Ulstein, Herøy og Vanylven tok imot.

→ Les mer

Barneskulen har vore mykje på tur i det siste.
Fredag 15. mai toppa vi det med ein tur til Røfsdalssætra.

→ Les mer

I veke 18 hadde elevane på 9 trinn ved Myklebust ungdomsskule eit prosjekt om konfirmasjon. Dette var første gongen det vart gjort på skulen, og det vart ei spanande og annerledes veke for både elevane og lærarane.

→ Les mer

Danseframsyning 20.04.09
Måndag 20. april fekk Eidså og Åram skule oppleve eit fyrverkeri av kostymer, dans og glede. "Prodans" heldt oppvisning for oss på Eidsåtun.

→ Les mer

Påskefrukost 2009
Fredag 3.04.09 samlast alle på Eidså skule til påskefrukost på Eidsåtun kl. 10.00. Dette var siste dagen før påskeferien. Alle elevane hadde vore med på å førebu måltidet med baking, bordkort og påskepynt.Vi hadde og øvt inn felles påskesongar.

→ Les mer


Nokre av lærarane på barnetrinnet har vore på Smart - kurs og lært om korleis vi kan jobbe som problemløysarar, så no skal vi vere smarte !

→ Les mer

I veke 12 kjem det eksterne vurderarar til Åram oppvekstsenter for å vurdere skulen i emnet elevvurdering.

→ Les mer

Toving 1.-4 klasse
Torsdag 27.11 kom bulyst-koordinator og FAU-leiar Espen Wingaard med fargerik ull og grønsåpe for å lære store og små å tove ting av ull.

→ Les mer

Leselyst-aksjonen
Eidså skule er med på Leselyst-aksjonen i år også. I år er temaet dyr og fuglar i arktiske strøk. På skulen les vi kvar dag og limer bilete av dyr og fuglar opp på ein stor plakat. Heime les elevane og foreldra eit visst antal minutt for veka, og limer bilet-deler på leseloggen.

→ Les mer

Samlingsstund
Torsdag 25.september hadde vi samlingsstund i 4. klasse. Temaet denne gongen var sjørøvarar.

→ Les mer

Bollekos 1.+4. klasse
Fredag 1. februar vart vi i 1. klasse bedne inn til 4. klasse. Fadderane i 4. klasse hadde teikna ei fin teikning til sitt fadderbarn i 1. klasse. Vi kosa oss med Fastelavns-bollar som 4. klassingane hadde baka. Dei var veldig gode! Takk for oss!
Matematikkens dag
Fredag 08.02.08 hadde vi Matematikkens dag på Eidså skule. 1. og 2. klasse hadde eigne aktivitetar fram til lunsj. Det samme hadde 3. og 4. klasse. Etter matpausen jobba vi i alders-blanda grupper oppe på skulen og nede på Eidsåtun.

→ Les mer

Ungdomsrådet
Kommunane i Sjustjerna var samla til regionmøte i Ørsta den 24.oktober. Vanylven tok del med fire ungdomar.

→ Les mer

Skulen er i stadig endring og det er difor viktig at dei som skal leie skulen får oppdatering og nytt påfyll. På samling den 27 og 28. september, var leiing og kvalitetsvurdering tema.

→ Les mer

Nasjonale prøver
Nasjonale prøver er starta oppatt denne hausten. 5. og 8.årssteget har alt gjennomført prøver i engelsk og det vert meldt om vellukka gjennomføring frå alle skulane våre.

→ Les mer

Barnehagekafé
Syltefjord barnehage har i lengre tid vore opptekne av ei jente frå Sri Lanka. Vasana heiter ho.

→ Les mer

Arbeidsveka i hamn
Elevane i 10. klasse hadde arbeidsveka si før haustferien. Dei fekk oppleve nye, gode erfaringar frå arbeidslivet.

→ Les mer

Haustsuppe
Måndag 23.oktober laga 6.trinn fire store gryter med brennsnut. 5.trinn og 7.trinn vart inviterte til middag på fellesromet, og brennsnut og flatbrød gjekk ned på høgkant!

→ Les mer

Fredag 19. mai var storskulen på kombinert skule- og ekskursjonstur til festningsverket og bunkersane på Åram, innom museet i gamleskulen på Hakallestranda, snartur nedom Sandviksanden og besøk med omvising på vassverket på Fiskå.

→ Les mer

I går 28. februar hadde vi skulefest. Det kom om lag 140 stk. der. Elevane hadde øvd inn dramatiseringar, musikkvidioar og musikkinnslag. Det heile starta klokka 6. Elevane var spente og gledde seg.

→ Les mer

Karneval :P
den 16 februar hadde vi 7. trinn karneval.. vi hadde masse leikar og hadde det kjempe kjekt...

→ Les mer

Kurs i ballsidigheit
Den 21.november vart det arrangert kurs i ballsidigheit ved Myklebust barne- og ungdomsskule. Kurset vart avvikla etter tidsplanen i innbydinga: 17.00 - 21.00 Fem av dei seks skulane i kommunen vår var representert med 13 deltakarar.

→ Les mer

Fjelltur
Det såg lenge ut til at vi ikkje skulle få til fjelltur i haust. Men den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves

→ Les mer

Skuleleiarar, inspektørar, leiarar for PPT og Kulturskulerektorar var samla til foredrag og nettverkssamling i Loen den 7 og 8 november.

→ Les mer

Nytt uteområde
Etter svært mange år med eit betre uteområde øvst på ynskjelista, kunne vi ved skulestart glede oss over alt det fine som har kome til!

→ Les mer

Krabbefiske
I eit nydeleg haustvér onsdag 19. oktober var friluftsliv-elevane på fjorden. Dei drog krabbeteiner, og fekk ein fin fangst!

→ Les mer

7-stjerna
Oppvekstkontora i dei sju kommunene på Ytre Søre har gått saman om å gjere kvarandre sterkare når det gjeld kompetanseutvikling i grunnskulen.

→ Les mer

Matte-dag
7-stjerna si satsing på å styrkje matematikk-faget i skulen, starta for alle involverte denne hausten.
Alle aktørane var samla til Stor-samling siste veka i september.

→ Les mer