Personvern

Personopplysninger

Kurs i ballsidigheit

Kurs i ballsidigheit
Den 21.november vart det arrangert kurs i ballsidigheit ved Myklebust barne- og ungdomsskule. Kurset vart avvikla etter tidsplanen i innbydinga: 17.00 - 21.00 Fem av dei seks skulane i kommunen vår var representert med 13 deltakarar.
Første del av kurset inneheldt ein teoridel der kursleiar John Willy Klungre gjekk gjennom nye reglar og nye måtar å trene ballspel på i aldersgruppa 6-12 år. Deretter fekk kursdeltakarane observere jenter på 3. 4 og 5. trinn under trening. Her praktiserte trenar John Willy teorien som deltakarane hadde gjennomgått. I siste del av kursopplegget skulle deltakarane praktisere sjølve.

50 volleyballar og 15 ballsidighetsbøker frå Norges Volleyballforbund, vart delt ut til deltakarane. Vi er sikre på at desse ballane vert godt brukte rundt om på skulane våre, og at deltakarane vil praktisere det dei lærde på dette kurset til sine elevar. Dei glade og spreke lærarane våre på biletet illustrerar at kurset var vellukka.