Personvern

Personopplysninger

Fløyteputt og Danselilje

Fløyteputt og Danselilje
Ei fantastisk flott forestilling i Slagneskirka denne torsdagen i oktober.
Fløyteputt og Danselilje er ei musikk/dansegruppe frå Sykkylven som reiser rundt til skulane og presenterar musikkteater for skuleborn. I denne framsyning fekk skuleborna frå 3.-6. årssteg møte komponisten Johan Sebastian Bach, dotter hans Elisabeth Juliana Friederica og ei prinsesse som bur i inne i kirkeorgelet. Dei fekk oppleve orgelmusikk, balett, teater, sjå flotte kostymer og høyre eit spanande eventyr. Tilbakemeldingar frå lærarar og elevar var veldig positive. Dette var verkeleg ei flott oppleving!