Personvern

Personopplysninger

Konfirmasjonsprosjekt

I veke 18 hadde elevane på 9 trinn ved Myklebust ungdomsskule eit prosjekt om konfirmasjon. Dette var første gongen det vart gjort på skulen, og det vart ei spanande og annerledes veke for både elevane og lærarane.

I dei timane som vart brukt til prosjektet var mat og helse, norsk, matte og RLE involverte fag. Matte vart brukt til rekneskap og budsjett, noko elevane som var ansvarleg for maten og festbordet, fekk god bruk for når dei skulle handle inn til pastasalat, biffsnadder, is og dekorasjonar.
Bordplassering og bordkort måtte også til, sidan den utvalde ”konfirmanten” er så glad i fotballaget ”Manchester United” vart temaet fotball og fargane til laget.
Elevane fekk også tildelt ulike roller til konfirmasjonen, både konfirmanten, foreldra og fadderane var på plass. I dette tilfellet var det norsk som var involvert med å skrive og framføre ein tale. Det var også elevar som skreiv songar til kjende melodiar om konfirmanten.


Vegard Prozenko, som var konfirmanten, held tale tilegna til ”foreldra”

Lærarane som var med på prosjektet ville at konfirmasjonen skulle bli så realistisk som mogleg, og dei fekk alle elevane til å pynte seg for dagen. Mange tok dette veldig seriøst og dukka opp i kjole og dress. Og til alle elevane sin fryd stilte lærarane opp i svart og kvitt, og serverte.

Lærarane var veldig fornøgde med innsatsen elevane la ned i prosjektet, og det resulterte i ein kjekk og vellukka dag for alle.


Lærarane serverte konfirmasjonens hovudrett, biffsnadder.

Artikkelen er skriven av Renate Tunheim.