Personvern

Personopplysninger

”VINTER MOT VÅR” – FEST I SYVDE

”VINTER MOT VÅR” – FEST  I SYVDE
Vi på barnetrinnet på Myklebust skule, laga til ”Vinter mot vår” fest den 29.mars. Vi framførte då ein del av musicalen ”Årstidene”.
Vi hadde øvd lenge ,og vi hadde jobba med kostymer og kulissar. Vi var veldig spente då vi såg at det kom masse folk: sysken, foreldre, besteforeldre og andre. Heile dagen hadde vi halde på med øving, pynta salen og ordna til. NO SKULLE DET SKJE! Då alle stod klare med kostymer og sminke, toga vi inn i salen til fine tonar, og fann plassane våre på scena. Der var snøfnugg, vinterbarn, vinterdronning, sol, maur, tre og blomar. Først song vi og hadde replikkar om vinter. Nokre snøfnugg reiste til ei varm og framand strand der det var heftige sambarytmer, men sola kom og smelta dei bort. Vinterdronninga fekk alle dei andre snøfnugga til å sove, for no kom våren med full musikk. Med våren kom mange maur for å rydde og stelle fint til, men dei synest det vart for travelt og ville streike. Dei tok til fornuft då dei såg dei fine vårblomane og bjørka, og ville ha med seg alle i jobben slik at det skulle verte fint no når våren kom. Vi avslutta til stor applaus frå publikum! Etterpå var det ”mat på fat”, kaffi og brus. Utlodding hadde vi og, og rektor delte ut rikeleg med skryt og takk!. Medan praten gjekk, var det mange som nytta høvet til å synge meir av dei fine songane i mikrofon. Det var veldig fint! Det var kjekt at så mange kom, og mange har sagt til oss at det var ein kjekke fest. Helsing frå oss på barneskulen i Syvde.