Personvern

Personopplysninger

Barnehagekafé

Barnehagekafé
Syltefjord barnehage har i lengre tid vore opptekne av ei jente frå Sri Lanka. Vasana heiter ho.
Barnehagebarna har høyrt om Vasana og lært mykje om tilhøva i Sri Lanka. Prosjektet er i regi av Forut. Foreldre og andre var invitert til barnehagekafé der barna skulle få syne fram det dei hadde arbeidt med. Flotte teikningar av elefantar hang på veggen. Vi kunne prøve lukka ved å kjøpe lodd, eller vi kunne handle varer frå Sri Lanka. Mat og drikke høyrde også med. Barna avslutta med fin underhaldning. Ei kjekk og triveleg stund rett etter arbeidstid!!