Personvern

Personopplysninger

Lucia-feiring

Lucia-feiring
Elevane gled seg til Lucia-feiringa. Då slukker vi alle lys i gangen. Leiv Arne går fremst med trekkspelet og spelar Lucia-songen. Elevane i 1. - 4.kl går i tog gjennom alle korridorane og snur inne på sløydsalen. Sangen ljomar gjennom gangane. Dei andre elevane står oppstilt langs veggane, ser og minnest den gongen dei fekk gå i toget.
Luciadagen vert feira til minne om Lucia som var frå Sicilia, og som vart drepen på 300-talet.

Legenda fortel at foreldra til Lucia var rike, og at faren døde då Lucia var lita. Mora bestemte at Lucia skulle gifte seg, men det ville ikkje Lucia. Ho bad til Gud om at ho skulle sleppe å gifte seg. Mora til Lucia vart sjuk. Lucia og mora reiste på ei pilgrimsreise, og mora vart frisk.
Mora bestemte at Lucia skulle sleppe å gifte seg, men mannen som var lova å få henne, vart sint. Han gjekk til keisaren og sa at Lucia var kristen. Denne keisaren likte ikkje kristendommen, og det var forbudt å vere kristen. Lucia vart fengsla, totturert og dømd til døden.