Personvern

Personopplysninger

Brann?

Brann?
Godt at det berre var øving!!
Alle elevane ved skulen vår kom seg fort ut av skulebygningen etter at brannalarmen gjekk.
Ei realistisk og vel gjennomførd brannøving kunne vi konstatere.
Brannalarmen gjekk, og lærarane visste kva dei skulle gjere. Elevane vart stilte opp og gjekk i rekkjer ut til ballbingen der lærar tok oppteljing for si klasse.
For at øvinga skulle vere mest mogleg realistisk, hadde brannkorpset v/Lasse Rindal og Ole Andrè Norhagen fylt vestibylen vår med røyk. Dette gjorde at evakuering frå klassene i ungdomsskulen ikkje var mogleg frå hovedutgangen. Nødutgangen på sløydsalen vart teken i bruk.
Det same gjaldt branndøra mellom småskulen og mellomsteget. Ved brannalarm vil denne døra gå att slik at ikkje røyk skal spreie seg til nyebygget. Alle elevane på mellomsteget måtte evakuere via denne døra.
Elevane brukte 3 min frå alarmen gjekk til oppstilling og oppteljing ute ved ballbingen var unnagjort.
Både elevar og lærarar fekk prøve å slukke brannar ute på skuleplassen med pulverapparat og brannteppe.
Så ein gong til: Godt det berre var øving!!

Bildeserie