Personvern

Personopplysninger

Eidså skule, fjøretur 06/06/08

Eidså skule, fjøretur 06/06/08
I strålande solskin for alle frå Eidså skule på tur i fjøra til Ragnhild og Jo Grunde Eidså. Vi hadde med spann og spade, mat og drikke.
Sola steikte, og det var fint å vasse i sjøen! Det var godt vi hadde med solkrem til raude kroppar. Vi fann krabbar og skjel og mange farlege glasbrot. Då vi kom opp att på skulen, kosa vi oss med frukt og dansa til musikk. Ein flott og annleis skuledag!