Personvern

Personopplysninger

Kunnskapsløftet - frå ord til handling

Kunnskapsløftet - frå ord til handling
Kunnskapsdepartementet satsar på skulen. Prosjektet, Kunnskapsløftet - frå ord til handling, har midlar som skulane kan søkje på. Fiskåbygd skule har teke første steg mot dette prosjektet....
Møre og Romsdal fylke inviterte tre av lærarane ved Fiskåbygd skule til informasjonsmøte på Værnes. Trond Johannessen og Aud Lygre frå Utdanningsdirektoratet fortalde om prosjektet til deltakarar frå begge trøndelagsfylka og Møre og Romsdal. Hovedmålet er å skape eit betre læringsmiljø for elevane og at elevane skal styrke både den faglege og sosiale kompetansen sin. Fiskåbygd skule er i tenkjeboksa. Søknaden skal vere inne til 1. mars. Vil alle vere med? Og om ein sender inn søknad, vil Fiskåbygd skule bli plukka ut? For Vanylven er det ei stor ære å bli plukka ut av Utdanningsdirektøren i fylket. Dei andre skulane som er utplukka i Møre og Romsdal er Innlandet skule og Gjermundnes Landbruksskule. Meir om prosjektet i venstremargen under Kunnskapsløftet.