Personvern

Personopplysninger

Lokalhistorisk tur

Lokalhistorisk tur
Kvart tredje år tek ungdomsskulen på Åheim ei lokalhistorisk vandring mot områda Berge, Kvilehytta, Vaulvatnet og Jetmund-steinen.
Første stopp er ved bambustreet ved Åheimselva. Her får elevane informasjon om bambusplanten og korleis den kom til Åheim Vi går vidare til barndomsheimen til Marit Berget. Ho stiller alltid opp og fortel om korleis dei hadde det før, og kva som er knytt til dette flotte tunet. Marit tek oss også med til kvernhuset litt lenger framme og fortel om korleis dette vart brukt. Elevane tek skisse av kvernhuset, som skal bearbeidast vidare i kunst- og handverkstimane.
På veg opp til Kvilehytta studerar elevane vegetasjonen. I år valde vi å plukke lauv. Elevane skulle så seinare bestemme kva slags tre desse lauva tilhøyrde.
Ved Vaulvatnet grillar vi pølser og nyt nistepakken. Turen vert avslutta ved Jetmundleitet der vi har god utsikt over Åheim. Historia om St.Jetmund sit godt blandt elevane våre, og når vi spør kva ein meander er for noko, kjem det kjappe svar.

Bildeserie