Personvern

Personopplysninger

Bedriftsbesøk

Bedriftsbesøk
Takk for eit lærerikt og kjekt besøk ved North Cape Minerals avdeling Åheim!!
Vi vart godt mottekne av Grete Brobakke og Alf Teigen som synte oss rundt i bedrifta. Vi fekk sjå kvar olivinmassen kom inn til anlegget via den 4,2 km lange tunnelen, vart knust og sortert i fem ulike knusemaskiner. I støypeavdelinga fekk vi orientering om korleis sanden vart pressa til steinar og brent i den store omnen. Vi fekk sjå robotar i aksjon på pakkeavdelinga og truckar som sende dei ferdigpakka pallane med olivinstein til frakting for eksport.
Omvising og orientering i dei to verkstadane, og omvising i laboratoriet. På kvar avdeling fekk vi kjennskap til utdanning og yrke vi kunne velje dersom vi ville arbeide i bedrifta.
Takk for gode muffinsar, brus, kaffi og flotte suvenirar!!
Vi skulle berre hatt meir tid!