Personvern

Personopplysninger

Sommarfest og avslutning på Eidså skule

Sommarfest og avslutning på Eidså skule
Onsdag 16.06.10 hadde vi sommarfest for elevar og familiane deira på Eidsåtun. Alle klassene hadde øvt inn program, og skulekoret song to avdelingar. Foreldra sytte for mat og drikke, loddsal og blomster til lærarane.
1. klasse framførte alfabet-regler og songar. 2. klasse hadde "Prinsessa på erta". 3. klasse viste fram eit muse-eventyr og sketsjen "Trygg trafikk".         4. klassingane hadde spørsmål og svar frå  lærar og elevar i ei spesiell klasse.
På slutten av festen vart det vist film frå "Fiskeveka". Ein lang og innhaldsrik fest! Dagen etter var det siste skuledagen, og så - GOD SOMMARFERIE!