Personvern

Personopplysninger

Kven hostar på skuleloftet?

Kven hostar på skuleloftet?
"Mange meiner å ha høyrt gamlelæraren hoste på loftet her", fortel Kjell Helge Nordal til ei gruppe lydhøyre elevar frå Myklebust skule.
Heile veka har elevane ved barneskulen i Syvde hatt tema om "gamle dagar". Dei har hatt besøk av besteforeldre som har fortalt frå si skuletid. Liv Eikrem hugsa mykje artig frå Skår skule. Tenk at dei gjekk fram og tilbake frå Sætre i all slags ver! Ein gong ville dei vere snille med læraren sin, han Vebjørn, så dei trakka veg gjennom snøfonnene heile vegen. Reidar Vik fortalde om den eldste skulen i Syvde (som for lengst er riven). Der hadde dei ingen skuleplass og måtte leike på vegen. Det heldt på å gå reint gale ein gong då ein hest med kjerre vart oppskremd og for forbi i ei fæla fart! Elles har elevane kosa seg med fellesmåltid og mange ulike aktivitetar. Dei har lært gamle leikar, baka tørre vaflar og laga "sørpehøne" (snurrebass). Torsdag samla dei seg på gamleskulen i Nordalen, mange med fine, gamle klede. Der fekk dei litt av "gamledagarkjensle" i skuledagen sin. Dei hadde handgjerning og finskrift, og dei måtte værsågod lese opp salmevers og multiplikasjon på rams.Ja, nokre hamna endåtil i skammekroken! Mange foreldre stilte opp som sjåførar, og i kjellaren på gamleskulen fekk dei smake på god, gamaldags bakst som elevane sjølv hadde sytt for. "Kjempekjekt å vere på skulen her", var det mange som sa.