Personvern

Personopplysninger

Skuleleiarsamling

Skuleleiarar, inspektørar, leiarar for PPT og Kulturskulerektorar var samla til foredrag og nettverkssamling i Loen den 7 og 8 november.
Hovedtema var Reform 06. Severin Roald, Giske kommune, heldt foredrag om korleis ein kan utvikle ein lærande kultur på skulen, i kommunen og i regionen. Vi fekk også innblikk i korleis kommunane på nordre Sunnmøre arbeider med kvalitets- og vurderingsarbeid. Resten av dagen lytta vi til Vidar Hansen, Bergen kommune. "Kunnskapsløftet - strategi for skoleutvikling" var hans tema. I 3 heile timar held han oss i ånde med stort engasjement. Vi kunne godt ha høyrt på han i 3 timar til. Dette fall i smak hjå dei fleste! Dagen etter fekk vi høyre på utdanningsdirektøren vår, Alv Walgermo. Han hadde tema "Kunnskapsløftet - status på læreplanarbeidet" Alle foredragshaldarane kom med mange innspel på korleis ein kan jobbe med reforma på eigen skule. Spesielt Vidar Hansen presiserte at vi må ta oss god tid!!! Deltakarane vart delt inn i nettverksgrupper. Desse gruppene skal vere ein arena for erfaringsutveksling mellom skulane. Denne gongen jobba gruppene med ulike problemstillingar i høve den nye reforma. Skal ein dømme utifrå evalueringsskjemaet, så hadde desse to dagane vore to vellukka dagar.