Fredag den 18.04. var 1. og 2. klasse på tur til Gapahuken. Vi såg mange vårteikn denne fine vårdagen.
Først såg vi på froske-egga oppe i grøfta ved skogsvegen. Så såg vi mange fine hestehovar som lyste i sola oppe i bakken.Selja stod i full blomst, og kvitveiser dukka opp her og der. Oppe ved Gapahuken var det fint å leike. Nokre prøvde å sage ved, og vi fann ein død fugl som fekk ei fin grav med mose og blomster. Dei vaksne hadde med vatn og gulrot. Neste gong skal vi kanskje grille..