Personvern

Personopplysninger

Musikal 2012

Musikal 2012
Vi møter ein gjeng eldre på ein aldersheim i ei oppdikta bygd. Alle har vore utøvande kunstnarar og musikarar i sine yngre år.
Slik er introduksjonen i Musikalen 2012 som vart framført av dei 12  tiandeklassingane ved Åheim skule.
Dette var berre toppers!! Så mange gode skodespelarar! Så mange gode sangarar, dansarar!!
Gratulerer med vel gjennomført Musikal 10.klasse!!
Også stor takk til Marte som både har skrive manus, øva og instruert denne fantastiske gjengen.

Vidare i handlinga:
Dei gamle klarar knapt å gå, men livsgnisten er der endå. Dei drøymer om då dei var berømte og glamorøse, og når dei ser at barnebarna som er industriarbeidarar har fått same interessa, gjer dei det til si siste livsoppgåve å støtte dei i dette, om enn på kanskje litt uventa måtar.

Parallellhistoria går føre seg i ei industribedrift i den same oppdikta bygda. Dei to unge sveisarane som er glade i å synge og danse, jobbar der. Den store draumen deira er å verte berømte slik som besteforeldra, men det er ikkje så lett med eit slikt arbeid, der ein vert både hås og grå av sveiserøyk. Arbeidarane er i grunnen kjekke folk, men dei er svært skeptiske til at det skal gå an å gjere karriere i song og dans. Dei unge jentene har heller ikkje den store sjølvtilliten, og dei vert berre gåande i det same gamle utan å få draumen på gli.

Heilt til ein dag då dei eldre bestemmer seg for å ta saka i eigne hender.

Til deg som ikkje hadde høve til å sjå denne musikalen. Det vart gjort opptak og DVD-ar vert lagt ut for sal.

Bildeserie