Kommunane i Sjustjerna var samla til regionmøte i Ørsta den 24.oktober. Vanylven tok del med fire ungdomar.
Ungdomsråda i kvar kommune skulle presentere saker som dei hadde jobba med siste året. Fritidsklubbar, "Buss-saka", "MOT-saka, UKM, Biltreff-arrangement, Sandesus og Romjulsrock, fordeling av ungdomsmidlane, korleis gjere ungdomsrådet meir synleg, takling av media var saker som vart presentert.
Ungdomane skulle også finne ut kva ein kunne gjere for å synleggjere ungdomsråda betre. Desse forslaga kom fram:
- Gå ut til klassene og presentere seg
- Gå til avisa
- Lage nettside
- Arrangere ting og ikkje berre sitte på møter
- Lage plakat
- Presentere ungdomsråda ved UKM-arrangementa
Ulike foredrag på samlinga:
Møte-, tale-, og debatteknikk v/Fredric Bjørdal og Hallvard Lavoll-Nylenna (ansvarlege for ungdomens fylkesting)
Media, ungdom og politikk v/Gunnar Strøm (førsteamuniensis i film og fjernsyn ved Høgskulen i Volda)
Å sette spor etter seg v/Svein Nerland (fagsjef Møre og Romsdal folkehelse og levekår)
Presentasjon av ungdomsportalen UNGweb.no
.