Personvern

Personopplysninger

Arbeidsveka i hamn

Arbeidsveka i hamn
Elevane i 10. klasse hadde arbeidsveka si før haustferien. Dei fekk oppleve nye, gode erfaringar frå arbeidslivet.
Dei fleste elevane hadde valt yrke innanfor kommunen. Barnehagen i Syvde og skulane på Eidså og Fiskåbygd fekk besøk av arbeidsvillige elevar denne veka. Nokon arbeidde på fiskebedrifta Hofset Invest i Syvde og shipping-kontoret Siem Rovde på Rovde, medan to elevar var ved "Hår og Sånt" på Fiskå. Andre igjen hadde valt landbruket. Nokre få av elevane hadde valt jobb utanfor kommunen. Tre jenter arbeidde på Selje hotell, ein på Høgskulen i Lillehammer og ein på eit reklamebyrå i Ålesund. Elevane har uttrykt at dei dei har opplevd arbeidsveka som svært triveleg og mange skulle nok ønskje at den varte ei veke til. For mange var arbeidstida både eit gode og ei utfordring. Mange måtte stå opp mykje tidlegare enn dei var vane med og arbeide seint. Elevane skulle følgje den vanlege arbeidstida, noko som varierer frå jobb til jobb. Arbeidslivet er variert, og dette fekk elevane erfare. Dei fleste hadde fått ulike arbeidsoppgåver som var praktisk retta. Nokre jobbar er fysisk tunge medan andre er maskinelle og krev kunnskap om teknologi. Det å arbeide med menneske er også ei god erfaring som mange vil dra nytte av seinare. Tilbake på skulen har elvane skrive arbeidsrapport frå denne veka. Der har dei skildra føremålet med arbeidsveka og korleis dei opplevde den. Her har elevane også fått uttrykt kor kjekt dei hadde det. Vi som lærarar vonar at elevane har fått eit innblikk i arbeidslivet og kanskje at nokon har fått idear om framtidig yrkesval.