Vi sette oss i bussen til Åheim, og lurte på om denne framsyninga var verdt den lange reisa.....
Alle elevane på skulen frå 5. og oppover var med. Framsyninga skulle vere i gymsalen på Åheim skule. Vi stilte oss i kø utanfor saman med elevane frå Åheim. Der var mange vi kjende frå før. Så fekk vi gå inn i salen. Vi skulle sitte i amfi med dei yngste lengst framme.
Så kom ein stilig mann i dress fram, han snakka engelsk og litt norsk. Han heiter Peter Lodwick og har komponert musikken til framsyninga. Han fortalde om Edvard Munch , den tida han levde i og om bileta hans. Så vart nokre av bileta viste fram. Mellom framvisinga av bilete var det dans av to flinke dansarar; Marit Krogeide og Phillip Olsen.
Dei viste både klassisk balett og meir moderne dansar. Og dansane var laga slik at dei passa inn i stemninga til dei bileta som vart viste fram.
Mannen bak musikken; Peter Lodwick var ein humoristisk fyr. Han fekk med seg publikum, og vi lo og lo.
Han utfordra publikum til å foreslå 4 tonar, så skulle han komponere musikk med tonane. Publikum valde fiss, giss d og h. Det var Jill som foreslo h, så Peter laga ein fin song til Jill.
Det var ei flott forestilling.