Personvern

Personopplysninger

Førjulsfest

Torsdag 11.12 var det duka for årets førjulsfest på Eidsåtun.
Det heile starta med at skulekoret stilte opp på scena, og 1.klassingane gjekk Lucia-tog.Koret song Lucia-songen, og tre andre julesongar. Det vart også tent to adventslys, medan elevane song "Tenn lys!". Andre klasse hadde opptrinn med "Jul i Betlehem". Tredje og fjerde klasse hadde øvd inn eit skodespel som heitte "Nissane som ikkje fekk julegraut" . Etter programmet var det mat og kaffi. Festen vart avslutta med gong rundt juletreet.