Personvern

Personopplysninger

Nytt uteområde

Nytt uteområde
Etter svært mange år med eit betre uteområde øvst på ynskjelista, kunne vi ved skulestart glede oss over alt det fine som har kome til!
Mykje har hendt på skuleplassen vår, og aktivitetsnivået til elevane har auka merkbart. Vi har fått ein svært populær ballbinge, ei flott sandvolleyballbane, badmintonbaner, store blomsterbed, fine benkar og ny asfalt. Alt dette gler vi oss over kvar dag, og for at dette skal vere flott når våren kjem har barneskuleelevane våre, saman med Syvde Hagelag, planta i blomsterbeda. 26.august var 5. og 7. trinn i full sving med spadene for å plante stauder, og jammen gjekk det unna!