Personvern

Personopplysninger

Morgonsamling i 3.klasse.

Morgonsamling i 3.klasse.
I dag var det 3. klasse sin tur til å invitere dei andre klassene på morgonsamling. Her var det mykje godt og variert program.
Det heile starta med Bamses fødselsdag. Her var elevane utkledde i flotte dyrekostyme, og dei song og dramatiserte teksten på ein fin måte. Deretter song Tone og Nathaniel songen " Synest du om meg ?". Vidare las elevane dyregåter som publikum fekk svare på, før dei framførte Egners "Gåtevise". Og heilt til slutt kom dei med ei regle om 7 små apekattar, både på norsk og engelsk. Dette var moro, og vi såg at både skodespelarane og publikum kosa seg denne morgonstunda på Eidså skule.