Personvern

Personopplysninger

Enda meir tur !

Barneskulen har vore mykje på tur i det siste.
Fredag 15. mai toppa vi det med ein tur til Røfsdalssætra.

Eit strålande maiver måtte nyttast, medan ungdomsskulen fann seg ein topp å bestige, pakka vi sekkane igjen og la vegen til Røfsdalssætra. Sola skein og elevane var blide og spreke .



Vel framme vart det både grilling og leik, og for nokre - ein ufrivillig tur i vatnet -
noko som vart tatt med godt humør !



Eit av måla med friluftslivsatsinga denne våren er å få elevane til å verte glade i å vere ute i skogen, marka og i fjellet - og det vi kan seie etter denne dagen er at vi allereie er langt på veg!