Personvern

Personopplysninger

Forjulsfest

Fest på oppvekstsenteret !

Tysdag 12. desember var det forjulsfest på Rovde Oppvekstsenter. Barnehagen og skulen underheldt foreldre, søsken , onklar, tanter og bygdefolket elles med variert program.

Her fekk ein både Luciaopptog, nissar, sketsjar, opplesing, song, blokkfløytespel og julespel med både gjetarar, Maria og Josef.

Foreldra stilte med mat, og kvelden vart avslutta med matøkt og mykje godt prat.

Personalet ved Rovde Oppvekstsenter nyttar høvet til å ønske alle ei riktig god jul !!