Personvern

Personopplysninger

Skulefest

I går 28. februar hadde vi skulefest. Det kom om lag 140 stk. der. Elevane hadde øvd inn dramatiseringar, musikkvidioar og musikkinnslag. Det heile starta klokka 6. Elevane var spente og gledde seg.
Vi starta med fellessongen "Vi vandrar samen".Der song Karoline og Veronica solo, og Christer, Øyvind og Stian spelte el-gitar att med. Alf Inge spelte tromme og Olav dirigerte og spelte bass. Det vart vellykka. Så ønska programledarane velkomne, som alså var Renate og Lene. Så hadde 1.-4. ei dramtiseringa " Den glade guten". Dei var kjempe- flinke! Etter det kom 8.-10. med ei dramatisering om korleis det er på lærarrommet. Det gjekk også bra! Det såg ut som publikum koste seg med programmet elevane hadde. Så hadde 5.-7. klasse skodespelet " Jenta med fystikkene". Dei var kjempe flinke dei med. Så fekk vi besøk av "Vasendgutane", og dei viste oss den nyaste musikkvidioen til Hjortejakt. Dei fekk med seg publikum som begynte å klappe i takt til musikken. Det var artigt. Så hadde programledarane nokon vitsar. Medan dei gjorde det , holdt foreldra på å gjere seg klare til deira sketsj. Dei hadde dramatisert deira sitt innsyn på korleis kvardagane til ungane deira. Det bestod visst berre av mobil, data, middag og trening. Og vi hadde ikkje lekse, for det hadde vi gjort i A-plan. Trur elevane følte seg litt truffet der. Så var det tid for mat. Foreldra hadde tatt med seg eit fat med mat kvar. Alle koste seg med maten. Elevane gjekk rundt å samla inn matpengar. Eter det gjekk vi med lynlodd. Så var det tid for at bandet skulle spele. I bandet spelte Marius på trommer, Stian, Christer og Øyvind på el.gitar og Karoline og Lene song. Olav spelte at med oss på bass. Vi spelte først Proud Mary og så Pretty Woman. Det gjekk strålande! Etter så trakk vi lynlodda. Også til avslutning song alle elevane " Ei hand å holde i". Der song Karoline og Veronica solo igjen, og gutane spelte gitar og tromme. Så var det "fager kveldsol smiler", heilt til slutt, også var festen ferdig. Det vart ein vellykka kveld!!