Personvern

Personopplysninger

Hospitering

Hospitering
To dagar i oktober var 10.klassingane i Sjustjerneregionen på hospitering hjå dei vidaregåande skulane. Det nye faget Utdanningsval legg opp til at elevane skal få god kjennskap til to utdanningsprogram. Elevane fekk velje kva skule og program dei ville hospitere i, og dei vidaregåande skulane i Volda, Ørsta, Ulstein, Herøy og Vanylven tok imot.
Vi var innom Herøy vidaregåande skule avdeling Vanylven.
Halve elevgruppa hadde studiedag kvar sine dagar for å gje plass til 10.klassingane. Resten av elevane skulle vere mentorar for kvar sin 10.klassing. Hospiteringsdagen skulle vere ein vanleg skulekvardag.
Elevane møtte på kantina og vart helsa velkomen av rådgjevar og administrasjonen ved skulen. På klasseroma fekk elevane meir orinetering om det aktuelle programfaget og også orientering om læringsplattforma Fronter.
Vi besøkte TIP-elevane der dei var i gong med å lære om skyvelær, skjærefart, omdreiningstal m.m. Dette var viktig teori som skulle takast i bruk ved dei praktiske oppgåvene som seinare skulle gjerast på verkstaden.
På studiespesialisering var elevane inn om m.a.faga geografi, samfunnskunnskap, matte og engelsk. Ved bruk av nettstaden www.norgei3d.no kunne elvane finne døme på botn, delta, u-dal, v-dal m.m. Kart over Vanylven vart brukt for å plukke ut dette.
Elevane på Helse og Sosiallinja arbeidde med oppgåver knytt til luftvegane. Lungekapasitet og puls vart målt. Seinare skulle gruppa lage grønsakssuppe, scones og wienerstang på kjøkkenet.
10.klassingane såg ut for å trivast godt denne dagen, og mange kom litt lenger i den vanskelege prosessen der er å velje retning vidare i livet.