Personvern

Personopplysninger

Klassefest 1.-4.klasse

Den 26.januar hadde 1.-4. klasse klassefest. Det var mykje bra underhaldning denne kvelden.
Først på programet stod song. Imellom programma prata lærar Kirsten om korleis det har vore å vere elev i småskulen på Åram i skuleåret 2005/2006. Kirsten snakka om f.eks. tida, vekeregle, årstidene, musikk, Redd Barna, søylediagram, klokkeregle og lesing. Ho hadde flittig hjelp av elevane som viste fram ting i høve det ho snakka om. Vidare ut over kvelden fekk vi høyre både dikt og regler. Elevane i småskulen framførte mange musikkinnslag, og vi oppdaga raskt at det er mange musikktalent i denne gruppa! Dei song blant anna: "Jo mere vi er sammen", "Sov du vesle spire ung", "Du er du og du duger", "Leselandsongen" og tilslutt " The more we are together". Elevane i småskulen er ikkje berre flinke i song, dei er og nokre skodespelarar. Så dramatisering var sjølvsagt på programmet. "Den første snøen", "Fjellet som sa at kjerringa skulle i gjestebod" og " På skulen" var skjetsjar dei dramatiserte for publikum. Dei var kjempe flinke og publikum gav stor applaus. TAKK FOR EIN FIN KVELD!!!