Personvern

Personopplysninger

Matematikkveka

Grunnskuleveka vart i år markert med ei MATTEVEKE med kveldsarrangement.

Heile veke 46 vart nesten alle A-plantimane nytta til matematikk på ein annleis og meir morosam måte. Elevane likte dette godt og viste stor iver, aktivitet og samarbeidsvilje.

Tysdagskvelden var foreldre, besteforeldre, søsken og pressa invitert til ulike matematiske aktivitetar som: bondesjakk, pilkasting, dataspel, bretting, shuffleboard m.m.

Aktiviteten var stor også her. Rovdedollarane sat lett, og alle som ville fekk prøve dei ulike aktivitetane som alle hadde noko med matte å gjere. Etterpå var det god mat og triveleg samkome rundt småborda. Eit kjekt og vel gjennomført arrangement.