Personvern

Personopplysninger

Kvernhus-besøk

Vi har hatt "Vatn" som tema

I tre veker har vi hatt vatn som tema. Vi har lært om kva former vatn kan ha, om vatnet sitt kretsløp , og kva vi treng vatn til.

Tysdag 25. april var vi på besøk hos Olrun Vada, og fekk sjå kvernhuset hennar. På førehand hadde vi lært om korleis vatnet vart brukt til å male korn.

Vi fekk sjå inne i kvernhuset, og Allaug Vada fortalde oss om korleis steinen gjekk rundt , og korleis kornet vart male til mjøl.

Vi vart godt tekne imot, og nystekte kanelbollar smakte godt !

Til slutt fekk vi reie og leike litt i det fine veret - og hadde det veldig kjekt !

På veg til og frå såg vi eit tjeldepar, vi fann gåsungar og plukka kvitveis. No er det vår på ordentleg ! Vi stoppa også i fjøra og smakte på sjøvatnet som smakte salt ...vi var einige om at det var bra det finst ferskvatn også.....