Personvern

Personopplysninger

Avis 8.kl

5.klasse på bedriftsbesøk på Sibelco
Onsdag 30.april var 5.klasse ved Åheim skule på bedriftsbesøk hos Sibelco. 5.klassingane hadde i veke forut hatt om bergartar og mineral og lært om korleis desse har vorte til. Dette botna då ut i eit besøk på Sibelco, for å få betre kjennskap til kva som skjer med olivinsteinen etter at han er henta ut av fjellet.

 Bildeserie

→ Les mer

Storfint besøk
Mandag den 27. januar fekk 5. klasse besøk av ordførar Jan Helgøy og varaordførar Ottar Jan Løvoll. Dei var her for å snakke om vårt lokalsamfunn, og gje elevane eit innblikk i korleis eit samfunn er sett saman.

 Bildeserie

→ Les mer

Siste dag før sommarferien
Eit unisont NEI på spørsmål om elevane ville gå ein dag til på skulen før ferien. Det var tydeleg at elevane var klar for å ta fri no. 
Avslutninga vart markert med fin fest i gymsalen, der elevane framførde variert og godt program 
Tur til Hakkallegarden
Skal tru om det er mange 1. -4.klassingar som drøymer om dyra i natt?
Her var nok opplevingar å ta av!! Til og med kom vi midt opp i eit drama med eit lam som var skada..

→ Les mer

Klassefest 1.-3. klasse
Torsdag 3. juni var det duka til "Den Store Klassefesten" i gymsalen. 1.-3. klasse hadde invitert foreldre, besteforeldre, tanter, onklar osv osv osv...

Det var fullt program frå alle klassane, med dans, drill, engelske regler, "NorskeTalentar" og mykje, mykje meir.

Foreldra kom med mat og hadde utlodning.

Ein utruleg kjekk fest!!!

Bildeserie

→ Les mer

Mini-17.mai feiring i småskulen
Torsdag 11. mai i dei to siste timane hadde vi mini-17.mai feiring i småskulen. Vi starta med å gå i tog, og det gjekk veldig fint. Dei song Ja vi elsker så det ljoma! Det var litt kaldt, så vi var inne og kosa oss med saft og kaker etterpå. Leif Arne fortalde litt om kvifor vi feirar 17.mai. Han stilde spørsmål, og mange var flinke å svare. Så hadde vi ei flott oppvisning av eit drillteam frå 2.klasse. Det er ein kjekk gjeng vi har i småskulen, og vi kosa oss ordentlig denne dagen.

Bildeserie

→ Les mer