Personvern

Personopplysninger

Tur til Hakkallegarden

Tur til Hakkallegarden
Skal tru om det er mange 1. -4.klassingar som drøymer om dyra i natt?
Her var nok opplevingar å ta av!! Til og med kom vi midt opp i eit drama med eit lam som var skada..
Skuleturen til 1.-4.kl gjekk i år til Hakkallegarden. For mange var dette første gongen dei var her. Her kunne vi ride på hest, klappekattungar, hoppe i høyet, handle godterier og ete det i lavoen, vere med gråtass på køyretur til alpakkane (som likte å spytte på oss)få vere med å berge eit lam som fuglane hadde hakka på, få helse på fuglar, kaniner, villsvin, esel og sauer. Vi kunne også hoppe trampoline, reie eller berre springe rundt dit vi ville. Midt i opphaldet grilla vi pølser og drakk saft. Trur ikkje det var så mange som hadde lyst til å fare heim. Dette var ein utruleg kjekk dag!!