Mandag den 27. januar fekk 5. klasse besøk av ordførar Jan Helgøy og varaordførar Ottar Jan Løvoll. Dei var her for å snakke om vårt lokalsamfunn, og gje elevane eit innblikk i korleis eit samfunn er sett saman.
Elevane var ivrige deltakarar i utarbeidinga av ny bedrift på Åheim allereie i første timen. Ordførar og Varaordførar var saman med 5. klasse heile denne skuledagen, så det vart god tid til å bli kjent, og saman finne gode løysingar for framtida til Vanylven.
Gjennom ulike øvingar fekk elevane lære om yrke, løn og skatt, og dei fekk jobbe med ei eiga planteikning der dei skulle sette saman sitt eige lokalsamfunn. Og der fekk dei erfare at det ikkje alltid er så lett å vere politikar, der ein må velje mellom ulike goder fordi midlane er avgrensa.
Vårt Lokalsamfunn er eit program utarbeidd av Ungt Entreprenørskap, og etter kursing i fjor for lokalpolitikarar og lærarar, så er dette første gongen vi gjennomfører i praksis. Både elevar, lærar og politikarane synest det vart ein lærerik og interessant dag. Lærar Anita Nygård Thunem seier at dette verkeleg fristar til gjentaking, og ho er takksam for at vår politiske leiing prioriterte å nytte ein heil dag hos oss, for å lære elevane om kva samfunnsbygging handlar om. Det at Ordførar og Varaordførar tek seg tid til vår ungdom, møter godt førebudd og er aktive deltakarar i lag med elevane er verkeleg verdifullt.
Jan og Ottar-Jan skrytte av elevane våre, som var både kunnskapsrike og energiske. Dei var imponert over kor gjennomtenkte spørsmåla til elevane var, og kor godt dei argumenterte for dei løysingane dei valde.
Tusen takk til Jan Helgøy og Ottar-Jan Løvoll frå alle oss på Åheim skule! Vi er heldige som har slike leiarar i Vanylven.