Ei kjekk avslutning for elevane ved skulen vår.
Dei tre første timane denne dagen gjekk med til innlevering av bøker og rydding av klasseromet. Deretter fekk elevane kjøpe pølser og brus i "skulekiosken".
Foreldre, småsyskjen, besteforeldre og andre inviterte samlast i gymsalen kl 12.30. Den var stappfull!! Alle sat og venta på at prorammet skulle starte. Det vart sett på musikk og plutseleg poppa to-tre 7.klassingar opp og byrja å danse. Dei danse mot scena. Deretter spratt det opp tre-fire til. Slik heldt det fram til alle 7.klassingane hadde dansa seg fram til scena. Ny musikk. No var det 6.klasse sin tur og derette 5.klasse. Eit flott innslag! Polynese av elevar frå 1.-4.kl før dei entra scena med fin sang. Meir sang av mellom trinnet før 8.klasse dramatiserte "Sol og sommar". Jentene i 9.kl stilte med band og avslutta festen. Inspektør Bodil takka for i år og ynskte alle god sommar.
Bildeserie