Personvern

Personopplysninger

Arbeider...

Personlig meny

Personopplysninger

Skriv/Skjema

Her finn du diverse søknadsskjema o.a informasjon som kan vere nyttig å ha.

Om de skal søkje bornet dykkar fri frå skulen i meir enn to dagar må skjemaet i margen nyttast. Kommunen kan maksimalt gje permisjon i to veker (ti skuledagar), så om de veit at fråværet vil vare lenger enn dette må borna skrivast ut av skulen. Søk då på skjemaet for utskriving, og send dette til kommunalsjefen for oppvekst i Vanylven.

Viser til kommunalt vedtak i høve søknad om fri i samband med ferie:

Permisjon frå pliktig opplæring.pdf

Skulen har eige samtykkeskjema i høve bilder vi tek av borna. Vi ser gjerne at de leverer inn skjemaet om de har særlege ynskje om grensesetting i høve eige barn. Om de ikkje leverer inn så vil skulen uansett arbeide under reglar om forsiktigheit.
Samtykkeskjemaet bør fyllast ut der de særleg vil unngå fokus på eige barn. Gruppebilete der ein har fokus på aktivitet - ikkje på einskiltborn - er ikkje regulert gjennom samtykkeskjemaet. Vi har heller ikkje høve til å avgrense foreldre si bildetaking når vi møtest i sosiale samanhengar. Men vi oppmodar sjølvsagt vaksne til å tenkje over korleis dei nyttar bilete som vert tekne.

Skriv ut skjema som de kan fylle ut og levere til skulen.