Personvern

Personopplysninger

Munch - ei reise i dans, musikk og billedkunst.

Munch - ei reise i dans, musikk og billedkunst.
Vi sette oss i bussen til Åheim, og lurte på om denne framsyninga var verdt den lange reisa.....

Alle elevane på skulen frå 5. og oppover var med. Framsyninga skulle vere i gymsalen på Åheim skule. Vi stilte oss i kø utanfor saman med elevane frå Åheim.  Der var mange vi kjende frå før.  Så fekk vi gå inn i salen.  Vi skulle sitte i amfi med dei yngste lengst framme.

Så kom ein stilig mann i dress fram, han snakka engelsk og litt norsk.  Han heiter Peter Lodwick og  har komponert musikken til framsyninga. Han fortalde om Edvard Munch , den tida han levde i og om bileta hans.  Så vart  nokre av bileta  viste fram.  Mellom  framvisinga av bilete var det dans av to flinke dansarar; Marit Krogeide og Phillip Olsen.

Dei viste både klassisk balett og meir moderne dansar.  Og dansane var laga slik at dei passa inn i stemninga til dei bileta som vart viste fram.

Mannen bak musikken;  Peter Lodwick var ein humoristisk fyr.  Han fekk med seg publikum, og vi lo  og lo.

Han utfordra publikum til å foreslå 4 tonar, så skulle han komponere musikk med tonane.  Publikum valde fiss, giss d og h.  Det var Jill som foreslo h, så Peter laga ein fin song til Jill.

Det var ei flott forestilling.