Personvern

Personopplysninger

Ungdomsrådet

Ungdomsrådet
Kommunane i Sjustjerna var samla til regionmøte i Ørsta den 24.oktober. Vanylven tok del med fire ungdomar.
Ungdomsråda i kvar kommune skulle presentere saker som dei hadde jobba med siste året. Fritidsklubbar, "Buss-saka", "MOT-saka, UKM, Biltreff-arrangement, Sandesus og Romjulsrock, fordeling av ungdomsmidlane, korleis gjere ungdomsrådet meir synleg, takling av media var saker som vart presentert.
Ungdomane skulle også finne ut kva ein kunne gjere for å synleggjere ungdomsråda betre. Desse forslaga kom fram:

-         Gå ut til klassene og presentere seg

-         Gå til avisa

-         Lage nettside

-         Arrangere ting og ikkje berre sitte på møter

-         Lage plakat

-         Presentere ungdomsråda ved UKM-arrangementa


Ulike foredrag på samlinga:

”Møte-, tale-, og debatteknikk” v/Fredric Bjørdal og Hallvard Lavoll-Nylenna (ansvarlege for ungdomens fylkesting)

”Media, ungdom og politikk” v/Gunnar Strøm (førsteamuniensis i film og fjernsyn ved Høgskulen i Volda)

”Å sette spor etter seg” v/Svein Nerland (fagsjef Møre og Romsdal folkehelse og levekår)

Presentasjon av ungdomsportalen ”UNGweb.no”

 

.