Gjennom innføringa av Feide vil prosjektet mellom anna jobbe med følgjande tema:
Utarbeide/justere rutinar for behandling av persondata i skulesektoren.
Her under utarbeide rutinehandbok, kartlegge system/applikasjonar og gjennomføre risikovurdering av sentral programvare. Dette vil stette nasjonale krav for å bli Feide godkjent, samt krav frå datatilsynet vedrørande personvern i skulen.
Utarbeide/justere IKT-reglement.
Det blir gjennom prosjektet utarbeida eit felles IKT-reglement for skulane i Vanylven kommune, samt ei veileding til regelementet. Prosjektet vil og legge til rette for informasjon og bevistgjering rundt IKT-reglementet.
Tilrettelege for bruk av digitaletenester i klasserommet.
Prosjektet kjem til å opprette en portal som samlar og beskriv den digitale programvaren som blir nytta i skulen. Gjennom å gjere dette vil elevar og pedagogar kunne nytte ei innlogging for alle eksterne digitale tenester.
Prosjektet vil ha eit spesielt fokus på uttak av følgjande gevinstar:
- Tilrettelegging av digitale tenestar
- Ei pålogging for alle digitale tenestar
- Enklare lokal brukarhandtering
- Kvalitetssikre data i oppvekstsektoren