Skuleåret 2015/2016 vil Vanylven kommune innføre Feide for
grunnskulen. Feide står for Felles Elektronisk IDEntitet og er
Kunnskapsdepartementets løysing for sikker identifisering av elevar og
pedagogar i utdanningsinstitusjonar. Prosjektet blei starta opp i oktober 2015
og prosjektet vil bli avslutta ved at elevane og pedagogane tek i bruk Feide
identiteten sin frå skuleåret 2016/2017.
Denne sida er meint som ei informasjonsside for prosjektet.
Sida er tilrettelagt for at tilsette, elevar og føresette skal finne
informasjon om Feide og prosjektinnføringa. Her vil de finne informasjon og
nyheiter som angår prosjektet. Sidene blir fortløpande oppdatert etter kvart som
prosjektet går framover.
For meir informasjon om prosjektet kan du nytte menyknappane
i margen til venstre. Der finn du informasjon om kva Feide er, kven som jobbar
i/med prosjektet og ei oversikt over arbeid som skal utførast gjennom prosjektet.
For meir nasjonal informasjon om Feide vil vi anbefale at de
nytta Senter for IKT i utdanninga sine sider: https://feide.iktsenteret.no/om
Om de har spørsmål eller tilbakemeldingar angåande desse
sidene eller Feide innføringa kan desse rettast til e-post adressa: frode.vik@vanylven.kommune.no