Personvern

Personopplysninger

Kva er Feide

Feide står for Felles Elektronisk IDEntitet. Feide er eit nasjonalt tiltak for heilskapleg identitetsforvalting i utdanningssektoren. Sikker identifisering av elevar og lærarar er nødvendig for å gje riktig tilgang til digitale ressursar og tenester. Feide let personar som er knytt til norske utdanningsinstitusjonar identifisere seg via ei felles innloggingsteneste som avgrensar flyten av personopplysningar til det som er nødvendig for å oppnå ønska tilgang.

I takt med at stadig fleire tenester og ressursar blir gjort tilgjengelege i elektronisk form, aukar trongen for å kunne tilby digitale tenester som inneheld personopplysningar. For å kunne realisere slike tenester blir det stilt krav om at ein med sikkerheit kan fastslå kven ein person er og kva roller denne personen er assosiert med. Slik sikker identifisering legg til grunn ein god elektronisk identitetsforvalting, og er like aktuell i utdanningssektoren som mange andre stader. Sikker identifisering er til dømes nødvendig når skulane tek i bruk læringsplattformer, nasjonale prøver og digital eksamen.

Same brukarnamn og passord overalt

Basert på kommunens opplysningar om elever og tilsette i skulen, lagast det ein elektronisk identitet - ein Feide-identitet. Med same brukarnamn og passord kan elever og tilsette legitimere seg overfor ulike digitale tenester, nettstader, portalar, bibliotek og andre tenester som er beregnet for utdanningssektoren. Feide-identiteten muliggjør samtidig økt kvalitet på tenester gjennom personifisering av tenestene.