Personvern

Personopplysninger

Innovasjonscamp

Innovasjonscamp
Første veka etter vinterferien arbeidde elevane i 9.kl med oppdrag som dei hadde fått frå bedrifter i nærområdet.
I konkurranse med seks andre grupper frå Myklebust, fekk ei av dei tre gruppene frå Åheim 3.premie!!

Klassa vart delt i tre grupper med oppdrag frå Kvilehytta, Norsk Olivinsenter og Jetmund Gjesteheim. Her skulle dei lage reklamefilm, profilere bedriftene på sosiale media.

Det vart intensive jobbedagar framfor finalekvelden torsdag. Kommunalsjefen opna kvelden og losa oss gjennom kvelden med framføring av oppdraga, mat og kaffi og utdeling av premiar.
Myklebust tok 1. og 2.premie, Åheim tok 3.premien.
Kreative fuglehus på oppdrag frå Steinbakken vann. Dernest kom den avanserte refleksvesten til rørleggarane frå A.M.Vik på andre plass og presentasjon av Norsk Olivinsenter kom på 3.plass. Premiane vart delt ut av varaordføraren som høgtidlege hadde teke på ordførarkjedet for anledninga.

Det var ingen enkelt jobb for juryen å skulle velje mellom alle dei flotte presentasjonane. Dei resterande seks gruppene synte alle god kvalitet og delte fjerdepremien.

Innovasjonscampen har synt oss at 9.klassingane er godt skikka til å starte sine eigne bedrifter!