Nyttårsball 2017 Flott pynta sal, smakebit av musikalen, god mat og god stemning på nyttårsballet 2017! Bildeserie → Les mer
Grilling Når det er eksamen i 10. klasse får vi ikkje bruke skulekjøkkenet. Men det gjeld å ordne seg. Etter litt teori gjekk vi ut og hadde ei fin grillstund i sola.
Innovasjonscamp Første veka etter vinterferien arbeidde elevane i 9.kl med oppdrag som dei hadde fått frå bedrifter i nærområdet. I konkurranse med seks andre grupper frå Myklebust, fekk ei av dei tre gruppene frå Åheim 3.premie!! Bildeserie → Les mer
Leirskule 9.klasse var på leirskule i Stryn i veke 38.Dette var ei kjekk veke der vi og var heldige med veret.Vi fekk vere med på toppturar, klatring, kanopadling og hekseflog m.m.
Tur til St.Jetmundsteinen Tredje kvart år gjennomfører ungdomsskuleelvane tur til St.Jetmundsteinen. Opplegget skal femne om mange fag, og elevane "vandrar" gjennom ulike stasjonar i løpet av ein skuledag. Bildeserie → Les mer
Juleverkstad Måndag 10. desember hadde vi juleverkstad for alle 40 elevane på mellomtrinnet. I år hadde vi 3 stasjonar. Alle fekk lage peparkaker, nissar og sjå film om då Jesus vart fødd + leike i gymsalen/Tarzanjungelen.
Telysjakt Frå 1. november til 31. januar er vi med på konkurranse om å samle inn flest muleg brukte telys. → Les mer