Endeleg skulle veret verte så pass at vi skulle kome oss på tur. Det var ivrige elevar som sette kursen mot prestefjøra tysdag førmiddag. Med spanna klar sette vi gang med jakt på fine steinar og både små og store krabbar. Det vart ei kjekke stund og det står ikkje på fantasien når vi er ute i naturen. Her vart det servert både krabbeburger og funne steinar av alle slag. Og krabbane klarte heller ikkje denne gongen å lure seg unna. Etter ei ivrig og intens arbeidsøkt var det godt å sette seg ved bålet og ete maten sin. Pinnebrød vart det også. Vi håpar veret held seg fint utover hausten, for vi vil gjerne på fleire flotte turar.
Bildeserie