Personvern

Personopplysninger

Avis 7.kl

Animasjon

Så heldige vi var!!! 

Tre heile skuledagar fekk vi lære å lage animasjonsfilm.

Lærarane våre var to dyktige personar innanfor animasjon.

Linda Wintervold (verkstadleiar) og Kine Aune (filmskapar)

 

→ Les mer

Matematikkens dag
Matematikkens dag har alltid vore arrangert i veke 6 og Åheim skule valde å halde på denne veka sjølv om den på landsplan er flytta til veke 11.
Stor aktivitet i 1.-4.klasse på tysdag og 5.-7.klasse på onsdag.

 Bildeserie

→ Les mer

Karneval
Gjett om elevane hadde gledd seg!!
Klokka tolv braka det laust. Elevane i 1.-4.klasse skifta til karnevalsklede. Mange måtte ha ein hjelpande hande med å få på dei flotte kostyma.

Bildeserie

→ Les mer

Tur i fjøra 20.november
Endeleg vart det turdag igjen! Ein lukkeleg gjeng med elevar frå 3. og 4.klasse fekk ta turen til fjøra tysdag 20. november. Det vart ei trivleg stund med leiting av krabbar, anemoner, fine steinar og andre ting som plutseleg dukkar opp i fjøra etter ei stormnatt. Fin leik, kjekke og eksemplariske elevar og til slutt ei kjekk stund rundt bålet. Nå gler vi oss berre til neste tur :-)

Bildeserie

→ Les mer

Tur i fjøra 18.september
Endeleg skulle veret verte så pass at vi skulle kome oss på tur. Det var ivrige elevar som sette kursen mot prestefjøra tysdag førmiddag. Med spanna klar sette vi gang med jakt på fine steinar og både små og store krabbar. Det vart ei kjekke stund og det står ikkje på fantasien når vi er ute i naturen. Her vart det servert både krabbeburger og funne steinar av alle slag. Og krabbane klarte heller ikkje denne gongen å lure seg unna. Etter ei ivrig og intens arbeidsøkt var det godt å sette seg ved bålet og ete maten sin. Pinnebrød vart det også. Vi håpar veret held seg fint utover hausten, for vi vil gjerne på fleire flotte turar.

Bildeserie

→ Les mer

Juleverkstad
Idag hadde vi juleverkstad i småskulen. Vi var delte i tre grupper med tre forskjellege aktivitetar. Det var baking av julemenn, dekopagehjarte og nellikkjerringar. Med julemusikk attåt, så vart det skikkeleg koseleg stemning, og elevane var veldig flinke. Dette bildet var det einaste bilde vi fekk tid til å ta dessværre. Skulle ha hatt fleire bilder for å vise kor ivrige og flinke alle var. I alle fall, det vart ein koseleg dag!