Det snør, det snør!
No har vi hatt snø liggande lenger enn vi kan hugse å ha hatt på lenge. Vi har rent oss i akebakken, laga snømenn og borger og dekorert snøen med vassfargar.
At det ligg snø i slike mengder så lenge er ikkje alltid er sjølvfølge på våre kantar lenger. Men no har vi verkeleg blitt vane med dette. Ei stund var det så kaldt at vi måtte begrense utetida, speielt for dei minste. No er akebakken godt opprend, snømenn, og sogar heile familiar, har dukka opp for så å sige saman og forsvinne. Men barna finn stadig på nye måtar å utnytte det spennande materialet på. Det siste var å male på snøen. Det vart det mykje artig og flott kunst av!