Syvde barnehage
6140 Syvde
70 03 03 40
Avd. Veslefrikk 
70 03 03 44
Avd. Tommelise
70 03 03 45
marit.sordal@vanylven.kommune.no

Tommelise

Basen TOMMELISE

I år er Syvde barnehage organisert på ein slik måte at vi ikkje opererer med avdelingar lenger. Vi er for det meste ilag og dei gongane vi deler barnegruppa er det i aldershomogene grupper. Vi kallar det difor ikkje avdelingar lenger, men baser. På basen Tommelise går det for tida 14 barn i alderen 1 år til 5 år. På mandagane har dei eldste førskule. Då er dei andre barna på sine baser. Tirsdag og onsdag deler vi barna i 04-gruppa, 05-06-gruppa og 07-08-gruppa. Torsdagane har vi fellessamling for alle barna i barnehagen og fredag er vi basevis. Mandag og fredag prøver vi å opphalde oss basevis, men med mulegheter til å "gå på besøk" til den andre basen. Dei andre dagane disponerer barna heile barnehagen fritt. Tirsdag og onsdag er i utgangspunktet temadagane våre, men 04-gruppa har "Språksprell", så vi nyttar avogtil andre dagar også.

Med denne måten å organiserer det på aukar vi fellesskapskjensla og samhørigheta mellom både barn og personal. Vi blir betre kjende med alle, barna finn kvarandre og utviklar gode vennskap på tvers av baser og personalet har fleire å spele på i situasjonar gjennom dagen. Samtidig er det å stå i endring ein krevjande prosess som krev at vi er reflekterte og opne for innspel heile dagane. Men det er litt av det som gjer jobben i barnehage til eit givandes arbeid; ingen dag er lik og utfordringane står i kø for å bli løyste!

Det snør, det snør!

Det snør, det snør! No har vi hatt snø liggande lenger enn vi kan hugse å ha hatt på lenge. Vi har rent oss i akebakken, laga snømenn og borger og dekorert snøen med vassfargar.