Personvern

Personopplysninger

Skiveka 2010 - Eidså skule

Skiveka 2010 - Eidså skule
Vermeldingane var litt blanda, men vi bestemte oss likevel for å ha ei aktivitetsveke med ski på beina. Med slike snømengder er det gode høve til å auke elevane sine skiferdigheiter.
Vi la difor om timerplanen og la til rette for mykje skigåing både i dei lange friminutta og enkelte timar. I gangane stod det skiutstyr på rekker og rad oppstabla, og det var hektisk aktivitet med på - og avkledning. For ingen skulle fryse, iallfall. Lærarane var spente på om alle kunne stille med utstyr, men det var 100 % oppslutning. 

Torsdag 28. januar  skulle vi prøve ut forskjellige aktivitetar. Det byrja med litt sur sno, men etter kvart kjende vi ikkje vinden som beit. Elevane var opptekne med å gå renn på tid og teljing av løpsrunder på ski.

Inne putra kakaoen og bollane heva seg fint. Vi tok ein pause midt i aktivitetane for å smake på herlegheitene.
Så bar det ut til hinderløype i slalombakken. Eit spretthopp ga mange morosame situasjonar. Smil og latter prega stemninga, så det var litt trist å måtte avslutte for å nå bussane. 
Det var ikkje ei klage eller sutring å høyre frå elevane. Det tydde på at dei retteleg hadde kosa seg.

Fredag 29. var avsett til langtur. Dei største gjekk ei lang løype der dei fekk prøve seg i ulendt terreng. Dei minste gjekk ei kortare løype. Utfordringane var å prøve seg med ploging og lære litt svingteknikk. Å le av sine eigne fall var også viktig.
Til slutt fekk vi fin fart unna bakkane ned til skulen att.