Personvern

Personopplysninger

Ut på tur - aldri sur !

Kvar tysdag ettermiddag pakkar 5. - 7. trinn sekken og legg ut på tur !

Etter å ha jobba både med musikal og smart-oppgåver i år, er vi klare for ei økt med friluftsliv. Alle 35 på barnetrinnet, saman med lærarane Kari, Sølvi og Gunhild pakkar sekken kvar tysdag og fer på tur.



Først tok vi oss ein tur til Sørdalsvatnet, der vi lufta tærne, kasta helle og bygde demningar.

Vi fekk også helse på både kje og kvalpar, det var det mange som synest var ekstra kjekt !



Tysdagen etter var vi i skogen ovanfor skulen, med spennande tre å klatre i .

Neste gong var vi i Lunden, ein kjekk plass der vi kunne leike i skogen og balansere på tau !
Veka etter var vi på Snippa, der vi leika rundt den gamle hytta som var der .

Vi håper på mykje finever framover, men uansett -
ut på tur går vi, og humøret kan ingen klage på !