Personvern

Personopplysninger

Vi er smarte !


Nokre av lærarane på barnetrinnet har vore på Smart - kurs og lært om korleis vi kan jobbe som problemløysarar, så no skal vi vere smarte !

Alle vi elevane på barnetrinnet er i lag kvar tysdag ettermiddag, og har kulturverkstad. Denne gongen skal vi vere noko så flott som entreprenørar !

Vi har vore på tenketur på uteområdet vårt, og laga planar om korleis vi ønskjer å ha det . Ti grupper har kome med forslag til ting som kan gjerast, og vi har fortalt kvarandre kva vi synest om dei andre sine idear.

Her gjeld det å få målestokken rett !

Alle gruppene har så bestemt seg for ein endeleg plan, og no held vi på å bygge modellar for å vise dei andre korleis vi har tenkt ! Vi brukar papp, lim, sugerør, pinnar, steinar , strikk, og mykje anna rart.


Vi gler oss til å vise dei andre modellen vår når den er ferdig !