Personvern

Personopplysninger

Leselyst-aksjonen

Leselyst-aksjonen
Eidså skule er med på Leselyst-aksjonen i år også. I år er temaet dyr og fuglar i arktiske strøk. På skulen les vi kvar dag og limer bilete av dyr og fuglar opp på ein stor plakat. Heime les elevane og foreldra eit visst antal minutt for veka, og limer bilet-deler på leseloggen.
På Leselogg-plakaten i klassen lærer vi namnet på dyret eller fuglen og skriv det på kryssord-skjemaet som høyrer til. Når alle namna er komne på plass, finn vi løysingsordet. Det er fint å kunne litt om natur og dyreliv i arktiske strøk, og å lære å ta vare på alt som lever og gror..